Bambi II - Filmdagbok

Bambi II 2006

Bambi II er ein oppfølgjar som kom gode 64 år etter sin forgjengar, Bambi. Det er ein film som Disney slapp rett på video. Det kan bety at dette kunne bli både fisk og fugl, då oppfølgjarane frå denne perioden på videoformat varierer stort.

For å vidare kategorisere oppfølgjartypen Bambi II er, så er det ein film som går inn i tidslinja til den første filmen og gir oss ei utfyllande historie som skal passe inn der. I Bambi opplevde vi at Bambi tok følgje med ein vaksen hjort, at tida gjorde eit hopp, og at han kom tilbake som vaksen sjølv. Det er perioden i dette tidsgapet som Bambi II gjer til si historie.

Bambi II er ein god film, men lev ikkje opp til forgjengaren. Det er ein lettare og mindre alvorleg film. Animasjonen er ikkje så poetisk og detaljert, men framleis fin. Det er vanskeleg å sei kva som påverkar meg mest her. Om det er vissa om at dette ikkje er ein kinofilm. Eller om det er vurderinga av filmen. Uansett korleis eg ser på det, så er det klart at mitt nylege og første møte med Bambi pregar opplevinga mi.

Men for å gå vidare til nok ein positiv ting. Det verste som kunne skje med filmen var at han verka fullstendig unødvendig. Og sjølv om han ikkje er nødvendig for i den forstand at du får glede av Bambi utan å ha opplevd denne historie, så fortel han ei historie som er både fin åleine og fungerer som utfyllande.