Hopp til hovedinnhold
Plakat for Bananas (1971)

Bananas

Film
3

Den tredje langfilmen til Woody Allen er ein politisk komedie tydeleg inspirert av forholdet mellom USA og Cuba, revolusjonen og synet på den tida på folk med feil meiningar. Den uutdanna Fielding Mellish (Woody Allen) blandar seg inn i demonstrasjonskulturen som har universitetsstudentar i spissen, og deira støtte for opprør i det fiktive landet San Marcos som nyleg har lidd under eit politisk kupp. Som hovudrolleinnehavar gjer Woody Allen veldig mykje ut av seg i form av fysisk humor og kløne. Litt enkelt er det, men det fungerer om du er positivt innstilt. Den politiske vinklinga ligg fint å duppar i overflata og har i blant gode poeng. God nok film.

Den fysiske humoren blir også framheva på The Woody Allen Pages (woodyallenpages.com). Der blir Woody Allen rosa for sekvensar som fungerer utan replikkar, medan den politiske tanken bak det heile blir vurdert som mindre vellukka. Eg finn framleis nokre gode poeng i den vinklinga, men er samd i at kløninga er viktig for utbyttet. Filmen fungerer best for meg når dei enkle påfunna får spele seg ut, utan at alt treng samlast i ei skarp politisk utsegn.