Hopp til hovedinnhold
Plakat for Bao (2018)

Bao

Film
3

Pixar-kortfilmen Bao handlar om ei dame som lagar mat, ein type kinesisk dumpling som heiter bao. I det ho skal ta ein bit av maten så kjem dumplingen til live. Kortfilmen er ei skildring av oppveksta til dumplingen, og forholdet mellom han og mora.

Det er ei morosam og rørande historie, som er god på å poengtere spesifikke delar av eit slikt forhold. Som ofte så gjer Pixar det godt i å ta opp alvor med humoristiske verkemiddel.

Kate Stuart på A Writer Reviews (ksreviewsblog.wordpress.com) rosar dei uttrykksfulle karakterane, men saknar ei tydelegare oppbygging av mora sitt behov for nærleik. Ho blir difor mindre rørt enn eg blir. Det er eit relevant spørsmål for ein så kort film. Når oppveksten går unna på nokre få minuttar, må dei små augneblikka mellom mor og barn vere nok til at me forstår kva forholdet betyr for dei.