Hopp til hovedinnhold
Plakat for Barbarella (1968)

Barbarella

Film
3

Barbarella er det beste frå to verder, ein herleg tåpelege b-film samtidig som han har vakre Jane Fonda i hovudrolla. Eit pulserande romskip med innreiing av pels i veggar og tak er basen til Barbarella, ei ung kvinne som er uvitande om kva vondskap og våpen er. Ho er barn av eit pasifistisk styre av verdsrommet, og må legge ut på eit farleg oppdrag i å stoppe ei gjenoppblussing av krig.

Filmen rettar seg mot ei sensuell Barbarella heile vegen, og at det verka å skulle vere seriøst er noko som gjer det så vanvittig artig, når ikkje den tynne historia skin gjennom og det blir kjedeleg då.

Kostyma og kulissane får mykje av æra på Cosmic Catacombs (cosmiccatacombs.blogspot.com). Omtalen meiner filmen leikar med sitt eige tåpelege univers og vinn på det visuelle overskotet, medan den tynne historia knapt blir rekna som eit problem. Eg blir litt meir merksam på henne når tempoet fell. Men det er lett å dele gleda over kor gjennomført merkeleg denne verda ser ut, frå romskipet til alt Barbarella møter på ferda.