Hopp til hovedinnhold
Plakat for Barbershop (2002)

Barbershop

Film
4

I denne uformelle filmen blir me kjent med folk i eit nabolag gjennom å følge ein herrefrisør i Chicago. Mange små historier har sitt utspring i folka som stikk hovudet innom for å snakke og klyppe håret.

I senter er Ice Cube, i det som eg vil anta er hans beste film. Det er ei passe blanding av komedie og drama, og det viktigaste av alt er at dei skapte karakterane er interessante å følge.

Eg kjem i god stemning, og lev meg godt inn. Dette er ein film lagt til eit avgrensa miljø, og eg har også sansen for det.

Charles Taylor på Salon (salon.com) meiner mykje av sjarmen ligg i at filmen lèt oss slappe av med praten mellom dei faste folka i salongen. Han er meir kritisk til dei belærande sidene og saknar større djupn i nokre av personane. Eg kjem lettare inn i den gode stemninga utan å krevje så mykje meir. Det avgrensa miljøet og den uformelle blandinga av kvardagsprat, komedie og drama er mykje av poenget for meg.