Ein mann med pengeproblem latar som ein kvinneleg pasient på eit mentalsjukehus er kjærasten hans og tar ho med heim til foreldra sine i samband med bryllaup til broren.
Tanken er å lure faren for pengane han trenger for å betale gjelda si. Følgane er at han blir glad i og lærer uventa informasjon om sin falske kjærast.
Barefoot er ein nydeleg film på grunn av Evan Rachel Wood, som ofte er bra, men som her er på sitt beste. Dette og den litt frie og spissfindige vrien på ein romantisk komedie, som samtidig byggjer på kjent struktur, er ei glede.
Barefoot var ikkje så overflatisk og tullete som eg hadde forventa. Filmen viser at bildeutvalet og salsteksten ikkje nødvendigvis treff. Ei erfaring eg har gjort meg nok gonger til heller å ta ein sjanse i håp om god film, enn til å la dette styre meg unna. I dette sambandet var det bilde og tekst på Netflix som ei stund heldt meg unna, inntil eg gav filmen ein sjanse. Sjansen viste seg å vere vel verdt tida.
Det er ikkje ein komplisert film, men ei fin og enkel sak som står støtt på Evan Rachel Wood, og den mannlege rolla er ikkje feil heller. Det er meir enn berre overflate her.