Ei nærmast parodisk sak, sett frå utsida basert på plakat og samandrag, er eigentleg ein tøff actionkomedie.
Hailee Steinfeld spelar ein ungdom som har vakse opp og trent som spesialagent. Ho har alltid hatt interesse for meir enn berre det einsretta og kjenslelause agentlivet. Og når ho ser korleis vanlege tenåringar lever, fattar ho ekstra interesse for dette.
Ho droppar ut av agenttilværet ved ein sjanse som byr seg, og blir del av ein familie under dekke som utvekslingsstudent. Samtidig heng fortida over henne, og vil komme til oppsøke henne.
Barely Lethal er eit innblikk i stereotypisk high school-tilvære sett frå utsida inn. Det er tatt til det ekstreme ved å føye til dryge agentingrediensar, som også skal by på humor.
Det er eigentleg ingenting spesielt eller uventa ved Barely Lethal, men eg tykkjer det fungerer. Eg har sansen for utføringa, og generelt sansen for filmar som tar for seg kjent kultur frå ståstaden til ein utsidar. Korleis det blir gjort kan variere, men med humor og vrien til ein actionkomedie som her fungerer det fint som lett underhaldning.