Batman av Tim Burton frå 1989 er ein god film. Det er ei god blanding av den mørke sida ved Batman, og det meir komiske i form av Joker.
Dei beste filmen til Tim Burton kom i perioden 1985 til 1995, og Batman er som fleire av dei andre frå same periode og karriera til Tim Burton ein stilfull film og eit godt handverk. Men sjølv om filmen ser bra ut og alt det der, så er den store fortenesta her kreditert Jack Nicholson, som glimrar i rolla som Joker, den kanskje mest kjente Batman-skurken.
Batman og Bruce Wayne frå nyare tid, etter Batman Begins av Christopher Nolan i 2005 har vore av den mørkare og dystrare typen, og er gode filmar. Eg har nok likt dei meir enn denne frå 1989, men eg har likevel meir sansen for den litt mindre dystre Batman som vist her.