Batman & Mr. Freeze: SubZero - Filmdagbok

Batman & Mr. Freeze: SubZero 1998

I Batman & Mr. Freeze: SubZero får Batman gjensyn med Mr. Freeze frå Batman: The Animated Series og må hanske opp med ei kidnapping av dottera til Lt. James Gordon, Barbara Gordon.

No har eg verken sett det ene eller andre av nokon Batman-seriar på tv og såleis ikkje Batman: The Animated Series heller, men Batman & Mr. Freeze: SubZero er ein sjølvstendig animasjonsfilm som kan sjåast åleine. Eller i samanheng med enten serien eller Batman: Mask of the Phantasm.

Animasjonen i 1998 er tydeleg komme til eit punkt der 3D-teknikkar er teke i bruk og er i enkelte få scener tydeleg eit stykke i frå perfeksjonisme, men stort sett er dette like upåklageleg som det du ser i DC/WB sine nyaste satsingar.

Sjølve handlinga startar som ei tradisjonell detektivhistorie. Me blir introdusert for andre personar enn Batman, og etter kvart ei kriminell handling. Musikk og stil gir assosiasjonar til 1950-talet og kler historia veldig flott. Når Batman og Robin gjer ein sein entre er det med kraft, og utover i filmen blir dette meir og meir ein spenningsfylt og eksplosiv film enn ein krim. Ei passande utvikling sett frå min ståstad.