Batman & Robin - Filmdagbok

Batman & Robin 1997

Batman & Robin er blant dei mindre gode superheltefilmane, dette var eg fullstendig klar over før eg gav meg i gang med han, difor styrte eg også bevisst unna spor på internett om kor dårleg han var. For eg ville uansett sjå han som eit ledd i Batman-filmperioden eg er i.

Det einaste vesentlege spørsmålet å stille seg til Joel Schumacher sin andre Batman-film, denne gongen med George Clooney som mannen bak maska, er kor dårleg han eigentleg er. Alle som har sett litt av han veit at det ikkje er meining å stille seg spørsmålet kvifor han er dårleg, det er opplagt.

Så dårleg er filmen at han er blant dei tre verste filmane til Arnold Schwarzenegger. Uma Thurman er den verste superskurken dette hundreåret. George Clooney er kjedeleg som ei stilna dansk vindmølle. Kombinasjonen kostymer, kulisser og kamera utgjer eit resultat Ed Wood ville ha vore skeptisk til. All form for dialog er som første utkast til manuset til Catwoman.

Oppbygginga av filmen med å flette inn ulike karakterar, og måten ting utfoldar seg på gir ikkje meining. Det einaste som kan seiast å vere tøft i Batman & Robin er oversiktsbilda av Gotham City. Den einaste som gjer ei god rolle er Elle Macpherson fordi ho stort sett held munnen lukka.