Batman blir borte og hans næraste venner og familie måte trå til for å halde Gotham trygg, og finne han. Desse inkluderer karakterar me har blitt introdusert for i løpet av andre Batman-filmar i DC Universe Animated Original Movies: Batwoman, Nightwing og Robin. I tillegg møter me ein ny karakter, Batwing.
Det er ein vond plan og ikkje eit tilfeldig tap som ligg bak forsvinninga til Batman. Men det er ikkje den helt store greia for min del. Eg får inntrykk av at dette er ein teikneserievariant av ein film med ensemble cast. Men heller i tyding av at alle karakterane får cirka lik skjermtid.
Teiknefilmane under merkelappen DC Universe Animated Original Movies består ein gong i blant av ei solid historie, men er ofte ei blanding av noko som stort sett er godt nok, i lag med tøff action. Her blir historia derimot litt for svak. Actionbiten er framleis god, men grunnen til å føle med karakterane er ikkje så utprega at noko står på spel.
Dette er ein svak 3/5, det vil sei ein omtrentleg midt på treet film.