
Batman Begins
Omtrent så bra som det kan bli når teikneserie går til lerret. Filmen klarar å unngå å drepe deg med spesialeffektar, likevel om dei er til stades.
Filmen er morosam og har litt enkle vitsar her og der, men eg skjønnar at det må til for å treffe dei breie publikum. Så nokon av dei kunne for min del ha vore unngått.
Det er ingen ting å utsette på handlinga, eg likte ho.
Det stadige fokuset på historia er også det Daniel Mumby på Three Men on a Blog (threemenonablog.blogspot.com) meiner gjer filmen så gripande. Effektane og actionen får vere del av same verd som persondramaet, framfor å stoppe det opp. Det passar godt med kvifor eg er så nøgd med denne overføringa frå teikneserie. Eg blir teken med gjennom historia utan å kjenne at filmen heile tida må vise fram kva produksjonen har fått til.
Ein plass går grensa for alle filmar i å kunne sjå dei opp igjen. Denne har eg kryssa for Batman Begins. Fire gonger har eg sett filmen, og det er ein gong for mykje, men kinoopplevinga var heldigvis god nok til at det gjekk likevel.
I ein av dei største kinoane i Danmark, rykta seier den tredje største, såg eg filmen i lag med 500 andre livsglade festivaldeltakarar. Roskilde Cinema som kinoen heitte, er ei mellombels oppsetting for Roskilde Festival om sommaren, og gjer ikkje skam på verken engasjement eller inngangskostnader.
For kr 0 og ein halvtime i kø fekk eg og alle dei andre sett filmen. Det er kort ventetid på eit festivalområde. Visninga baud på to tekniske problem og jubelbrus ved alt som kan kallast høgdepunkt og klisjear. Eit par fulle folk kledde ut som Batman og Robin bidrog også med improvisert dansing.
Ei annleis filmoppleving.
