Hopp til hovedinnhold
Plakat for Batman Beyond: Return of the Joker (2000)

Batman Beyond: Return of the Joker

Film
3

Batman Beyond eller Future Batman er eit rart opplegg der Bruce Wayne er blitt til ein gammal mann og den yngre person Terry McGinnis er vår nye Batman. Eg veit ikkje heilt om eg likar ideen, men filmen måtte sjåast.

For meg skal alltid superheltar leve i ei tidlaus verd. Uansett kor mange år det går skal verken superheltane eller deira hemmelege identitetar eldast. Miljøet knytt til dei kan bli tilpassa tida då filmen eller teikneserien er laga i, men dette må bli behandla med varsam hand. Eg vil ikkje miste miljøet helten blei skapt i og gjort kjent gjennom.

I Batman Beyond: Return of the Joker og sikkert nok i den animerte serien som filmen har spunne seg ut i frå, er det eit Gotham City 40 år fram i tid som møter oss, og det ser ikkje bra ut. For å sette tankane mine litt på plass, Gotham City er ein av dei viktigaste miljøa blant superheltar eg har litt tilknyting og kunnskap om, meir enn Metropolis har for Superman og New York har for Spider-Man.

Det gjer meg vondt at Bruce Wayne ikkje lenger er Batman, og at Gotham City er gjort til ei platt og futuristisk teikning i bakgrunnen. Kampen kan aldri bli den tenkte revansjen for Jokeren. Andre folk har overtatt rollane til dei kjende karakterane våre.

Så kvifor så raus i vurderinga? Vonbrotet kjem eigentleg av at eg stilte blank til konseptet Batman Beyond. Likevel er Batman Beyond: Return of the Joker ein eksplosiv liten animasjonsfilm som aldri står stille. Han portretterer ein aldrande Bruce Wayne på ein måte eg trur på. Den ekstra sprø vrien ved Jokeren gjer han både underhaldande og skremmande.

Framtidsverda er eit pluss for David Gillie på Hidden in Plain Sight (darthspock.blogspot.com). Han likar kombinasjonen av dei klassiske personane og det nye teknologiske miljøet, sjølv om avsluttinga ikkje heilt innfrir oppbygginga. Eg har større problem med sjølve flyttinga av universet. Likevel gir rosen hans meining når eg ser kor godt den aldrande Bruce Wayne fungerer, og kor effektivt filmen gjer Jokeren til meir enn eit kjent ansikt på gjenbesøk.