
Batman: The Dark Knight Returns, Part 1
Ti år etter at Batman pensjonerte seg er han tilbake. Batman: The Dark Knight Returns, Part 1 tek utgangspunkt i Frank Miller si mørkare utgåve av Batman, som har vore ynda for filmatisering dei siste åra.
I dette innslaget i DC Universe Animated Original Movies møter Batman motstand i form av ein hær av mutantar. Det er denne hæren som tvingar ein gammal Bruce Wayne tilbake i søkelyset.
Filmen har både gode karakterar, og formidlar ei interessant bakhistorie og enkel action i løpet av korte 75 minuttar. I staden for å køyre med på for mange trådar gjev han seg der. Framhaldet med nye fiendar er Batman: The Dark Knight Returns, Part 2.
Eg har sansen for dette. Teiknefilmformatet har og gjer framleis underverk i DC si satsing på superheltar. Eg har følgt med sidan starten i 2007, og ser framleis straks dei nye innslaga. Gode historier får kvar sin film, og det er ingen behov for å blåse dei opp som det er med spelefilmar for kinolansering.
Den aldrande Batman blir interessant nettopp fordi alderen blir tydeleg, meiner Rick Pipito på sCrypt Publishing (scryptcomics.wordpress.com). Han trekker fram både dei fysiske avgrensingane og oppbygginga fram mot at Bruce Wayne tek på seg drakta igjen. Det er eit godt poeng om kvifor dette gir meir enn berre nok ein kamp. Den enkle actionen får ei tyngd av personen som må kjempe seg tilbake.
