Batman: The Dark Knight Returns, Part 1 - Filmdagbok

Batman: The Dark Knight Returns, Part 1 2012

Ti år etter at Batman pensjonerte seg er han tilbake. Batman: The Dark Knight Returns, Part 1 tek utgangspunkt i Frank Miller si mørkare utgåve av Batman, som har vore ynda for filmatisering dei siste åra.

I dette innslaget i DC Universe Animated Original Movies møter Batman motstand i form av ein hær av mutantar. Det er denne hæren som tvingar ein gammal Bruce Wayne tilbake i søkelyset.

Filmen har både gode karakterar, og formidlar ei interessant bakhistorie og enkel action i løpet av korte 75 minuttar. I staden for å køyra med på for mange trådar gjev han seg der. Framhaldet med nye fiendar er Batman: The Dark Knight Returns, Part 2.

Eg har sansen for dette. Teiknefilmformatet har og gjer framleis underverk i DC si satsing på superheltar. Eg har følgt med sidan starten i 2007, og ser framleis straks dei nye innslaga. Gode historier får kvar sin film, og det er ingen behov for å blåsa dei opp som det er med spelefilmar for kinolansering.