Batman: The Dark Knight Returns, Part 2 er ein tett oppfølgjar til Batman: The Dark Knight Returns, Part 1. Desse to filmane er 15. og 16. innslag i DC Universe Animated Original Movies-serien. Eit prosjekt som sidan 2007 har gitt ut to til tre animasjonsfilmar i året basert på DC-teikneseriar. Dette omfattar Superman, Batman, Justic League, med fleire.
I historia som utfoldar seg i Batman: The Dark Knight Returns møter me ein gammal Bruce Wayne. I første del føler han seg tvinga til å starte opp igjen som Batman og må kjempe mot ein hær av mutantar. I andre del er fienden Joker, Superman, politiet og militæret.
Batman: The Dark Knight Returns, Part 2 byr som sin forløpar på spenning i form av ei god historie og brutale kampscener. Det er ikkje spesielt komplisert, men det enkle fungerer for desse filmane. Både lengda og fordelinga av oppbygging og kampscenene er god, så det blir aldri kjedeleg.
Batman: The Dark Knight Returns er blant det beste som har komme ut av DC Universe Animated Original Movies-serien hittil. Det er rett og slett fordi Batman er ein karakter som går sine eigne vegar. Han kan overraske, han kan ha både god og dårleg moral.