
Battleship Potemkin
Dette er hyllesta frå Sergei M. Eisenstein til besetninga på den russiske panserkryssaren i 1905. Eg hadde lenge hatt lyst til å sjå heile filmen, ikkje berre klipp under forelesingar.
Filmoppvisinga stod oppført som eit live arrangement med film og orkestermusikk. Musikken er av Eisenstein Cinematic Orchestra. Dette gav ein heilt ny dimensjon til filmsjåing for min del, og er absolutt å anbefale om sjansen byr seg.
I lag kan dette bli kalla underhaldande kunst. Med kraftige og stemningsfulle tonar komponerte av Christian Rønn og Peter Peter kjeda eg meg ikkje eit sekund.
Daniel Mumby på Three Men on a Blog (threemenonablog.blogspot.com) rosar montasjen for å skape sterke reaksjonar, men meiner historia blir tynn og tempoet for tregt. Det er ei langt mindre begeistra filmvurdering enn mi. Eg såg rett nok filmen i ein heilt annan samanheng, der levande musikk gav bileta ekstra kraft. For meg blei rytmen i salen ein del av verket, og det er vanskeleg å skilje den gleda frå det som faktisk var på lerretet.
Eg sovna derimot to gonger, i nokon få sekund, med det var av andre årsaker. Og ein time på eit tregolv er heller ikkje spesielt behageleg. Ein faktor som skulle ha motverka søvn.
Den engelske tittelen til filmen er Battleship Potemkin.
