Battlestar Galactica: Razor er ei sidehistorie til serien Battlestar Galactica, med ei handling som er lagt til omtrent same tidspunkt som andre halvdel av andre sesong.
Filmen handlar om eit anna romskip, Pegasus, som på eit tidspunkt i serien møter Galactica. Men historia her går føre seg i tida før dette skjer.
Det blir litt feil å forvente for mykje av ein film som har rolla som eit tillegg til serien. Dette er primært for dei som er ekstra interessert, og ønskar å vite meir om dette oppdikta universet. Samtidig er det ein actionfilm med si eiga historie.
Eg var nok ein av dei som gjorde feilen å forvente for mykje. Spesielt ettersom eg er svært oppslukt av serien. Og dermed var dette eit lite vonbrot, sjølv om eg prøvde å gi det ein sjanse. Senkar du derimot forventningane noko, så er dette også god underhaldning og eit fint tilskot til Battlestar Galactica.