
Battlestar Galactica: The Plan
Battlestar Galactica: The Plan er for folk som har sett serien Battlestar Galactica, og kan tenke seg svar på eit par spørsmål som aldri blei svara på undervegs. Det vil ikkje seie at han svarar på alt, og spesielt det som kan sjåast på som overnaturleg ved serien er utelaten.
Battlestar Galactica: The Plan handlar om cylons først og fremst, og fortel om deira side i krigen. Modellen One står i sentrum, vinklinga mot cylons er om ikkje akkurat fartsfylt, så grei nok på informasjon. Som supplement er dette greit, som film er det mangefullt og litt unødvendig. På ein god dag er filmen god nok.
Tilleggsstoffet blir også eit problem på Cultural Learnings (cultural-learnings.com). Omtalen finn interessante enkelthistorier, men meiner forsøket på å passe alt inn mellom gamle hendingar hindrar filmen i å få si eiga forteljing. Det set ord på skiljet eg ser mellom eit supplement og ein sjølvstendig film. Me kan få meir informasjon om cylonane utan at desse opplysningane i seg sjølve blir ei nødvendig ny historie.
