I Bean frå 1997 møter me igjen Rowan Atkinson som den utspekulerte og dumme Mr. Bean. Denne gang i langfilmformat.
Handlinga i Bean handlar om ei reise til USA, i eit viktig oppdrag med å frakte eit maleri til eit museum i Los Angeles.
Dette byr på kulturproblem, måleriproblem og generelle Mr. Bean-problem. Han taklar ikkje akkurat alle problem med verken danning eller eleganse. Og det er nettopp det som er så gøy.
Langfilmformatet er ikkje ein styrke for Bean, men det er likevel ein fornøyeleg komedie, og artig å sjå at det blir prøvd. Kanskje den største kritikken eg har mot dette blir at filmen Bean ikkje er så typisk britisk som eg er van til at Mr. Bean er, og med det synst eg noko manglar.