
Beastie Boys Story
Eg har høyrt på Beastie Boys sidan Hello Nasty kom ut i 1999, og dette har vore eit band som verkeleg har prega musikksmaken min heilt frå starten. Likevel har eg eigentleg aldri teke meg tid til å sette meg inn i historia deira. Det har alltid handla mest om sjølve musikken.
Å sjå Beastie Boys Story no i 2025 blei difor ei oppdagingsreise. Det er ei ganske lett og kjapp forteljing, med litt unnskyldande blikk på den tidlege tida til gruppa, men for meg var det både interessant og lærerikt fordi om. Det var fint å få litt meir kontekst rundt låtane og gruppa eg har høyrt på i så mange år.
Nathan Duke på Critical Conditions (nathanduke.blogspot.com) finn meir enn nostalgi i denne tilbakevendinga. Han legg vekt på korleis dei to attlevande medlemmene ser tilbake på ungdomstida med sjølvironi, og korleis vennskap og forandring blir kjernen i forteljinga. Det gir eit fint perspektiv på det litt unnskyldande blikket eg merka. Historia handlar òg om å bli eldre saman.
