
Beastie Boys: Video Anthology
Eg gjekk til innkjøp av The Criterion Collection-utgåva av Beastie Boys: Video Anthology av ein enkel årsak. Eg er stor fan av Beastie Boys.
Dette er ei samling av deira musikkvideoar. Og på tida eg kjøpte samlinga var endå ikkje YouTube med alle sine musikkvideoar oppstått. Sjølv om det i skrivande stund er mogleg å sjå det meste av musikkvideoar der eller via andre nettsider.
The Criterion Collection brukar å levere god kvalitet med tanke på bilde og lyd, og sikkert på andre måtar også. Dei har gjort ein god jobb her, og det er på enkelte videoar mogleg å velje kameravinkel. Utgjevinga er i det store og heile full av ekstra innhald til glede for fansen.
Chris Galloway på Criterion Forum (criterionforum.org) er meir kritisk til biletet, men svært nøgd med lyden og dei mange måtane å kombinere videoar og lydspor på. Han meiner ekstramaterialet gjer utgivinga uvanleg oppfinnsam, sjølv om menyane kan vere forvirrande. Det er ein nyttig nyanse til begeistringa mi. Som fan får eg mykje å utforske, men det er ikkje det same som at alle sidene ved utgivinga held like høg kvalitet.
Rangeringa av denne utgjevinga er ein kombinasjon av kvaliteten og mi som vanleg subjektive meining om innhaldet. Mest det siste.
