Beastie Boys: Video Anthology - Filmdagbok

Beastie Boys: Video Anthology 2000

Eg gjekk til innkjøp av The Criterion Collection-utgåva av Beastie Boys: Video Anthology av ein enkel årsak. Eg er stor fan av Beastie Boys.

Dette er ei samling av deira musikkvideoar. Og på tida eg kjøpte samlinga var endå ikkje YouTube med alle sine musikkvideoar oppstått. Sjølv om det i skrivande stund er mogleg å sjå det meste av musikkvideoar der eller via andre nettsider.

The Criterion Collection brukar å levere god kvalitet med tanke på bilde og lyd, og sikkert på andre måtar også. Dei har gjort ein god jobb her, og det er på enkelte videoar mogleg å velja kameravinkel. Utgjevinga er i det store og heile full av ekstra innhald til glede for fansen.

Rangeringa av denne utgjevinga er ein kombinasjon av kvaliteten og mi som vanleg subjektive meining om innhaldet. Mest det siste.