
Bee Season
Kjedeleg, uforståeleg og uoriginal. Tre ord som eg trur skildrar filmen god. Heile situasjonen om Miriam Naumann (Juliette Binoche) forvirrar meg, det er ikkje noko klarheit rundt han. Kor sjuk er ho? Og den vesle jenta, Eliza Naumann, eg trur ikkje akkurat det er nokon ny ide å ha med ein smart unge i ein film, ikkje at det nødvendig skulle gjere filmen dårleg.
Men ein film med dette som grunnlag burde i det minste vere rørande på nokon måte, noko Bee Season feilar i å vere.
På Asking the Wrong Questions (wrongquestions.blogspot.com) blir problemet knytt til kor lite av det indre livet i boka som kjem fram i filmen. Skribenten meiner tilbakeblikka rundt mora verkar klønete, medan Eliza mest blir ein utløysar for andre sine problem. Det utdjupar noko av forvirringa eg sit igjen med. Om eg ikkje kjem nær nok menneska, hjelper det lite at historia har både eit uvanleg barn og store spørsmål å arbeide med.
Grunna mangel på kjensler, så kan eg ikkje anbefale filmen. Det er mange drama i same sjanger som er mykje betre, som Wonder Boys og Finding Forrester, og sikker ein del andre som eg ikkje har fått sett enda.
