Bee Season - Filmdagbok

Bee Season 2005

Kjedeleg, uforståeleg og uoriginal. Tre ord som eg trur skildrar filmen god. Heile situasjonen om Miriam Naumann (Juliette Binoche) forvirrar meg, det er ikkje noko klarheit rundt han. Kor sjuk er ho? Og den vesle jenta, Eliza Naumann, eg trur ikkje akkurat det er nokon ny ide å ha med ein smart unge i ein film, ikkje at det nødvendig skulle gjere filmen dårleg.

Men ein film med dette som grunnlag burde i det minste vere rørande på nokon måte, noko Bee Season feilar i å vere.

Grunna mangel på kjensler, så kan eg ikkje anbefale filmen. Det er mange drama i same sjanger som er mykje betre, som Wonder Boys og Finding Forrester, og sikker ein del andre som eg ikkje har fått sett enda.