Hopp til hovedinnhold
Plakat for Before I Disappear (2014)

Before I Disappear

Film
2

Richie (Shawn Christensen) er i ferd med å ta livet av seg då han får ein telefon. Det er søstera hans som han ikkje har hatt kontakt med på fleire år. Ho ber han passe på den elleve år gamle dottera hennar. Og slik byrjar det at fyren må utsette sjølvmordet sitt.

Before I Disappear er ein mørk komedie som innleiingsvis byr på nokre absurde komiske avbrekk. Dette gav meg tidleg eit håp om tid vel brukt. Men gradvis snur det til å bli ei saktegåande og mest dyster oppleving. Parallelt med dette byrjar eg å kjede meg, meir og meir.

På eit tidspunkt gav eg opp filmen. Filmen ser og høyrest bra ut, og gir nokre positive inntrykk trass lågt budsjett, men det er ikkje nok når historia og framdrifta er tam og treg.

Nick Prigge på Slant Magazine (slantmagazine.com) meiner forholdet mellom Richie og niesa Sophia (Fatima Ptacek) er sterkare enn krimhistoria rundt dei. Samtidig tvilar han på om materialet trong å bli utvida frå kortfilm til spelefilm. Det er eit relevant atterhald til noko av det eg slit med. Eg kan sjå dei gode sidene, men dei held meg ikkje fast når turen deira blir for seig.

Before I Disappear er ein film omtrent midt på treet, men litt under på grunn av det eg nemner. Og trass lite utdjuping om han, så var det ein vrien film å plassere. Fordi han er god på enkelte ting, men ikkje på å sette det saman til ein god total.