Hopp til hovedinnhold
Plakat for Before Midnight (2013)

Before Midnight

Film
4

Before Midnight er ein flott film. Å prøve å samanlikne han med dei to forgjengarane, Before Sunrise og Before Sunset, blir som å snakke om epler og moreller. Before Midnight er både i stemning, tematikk og oppbygging annleis.

Det er då likevel ein logisk oppfølgar og ei vidare karakterstudie av Jesse og Céline, som gjennom filmane har gått frå å vere unge og nyforelska, til litt eldre og forelska, til godt vaksne og glad i kvarandre, men med vaksne problem.

Opplevinga mi av filmen blir litt av det same, mens eg framleis sit igjen med kjensla av å ha blitt forelska i dei to førre filmane, er eg glad i Before Midnight på ein annan måte. Filmen er både romantisk, brutalt ærleg og i blant provoserande. Romantisk i gnisten som dukkar opp i blant. Ærleg i skildringa av alder og korleis tid og omstende har preget paret. Og provoserande i form av kranglar kor det er lett å bli tvinga til å velje side, og nettopp la seg provosere av motparten.

Daniel Cook Johnson på Film Babble Blog (filmbabble.blogspot.com) meiner Ethan Hawke og Julie Delpy vekslar mellom humor, frustrasjon og sorg utan å ta eit falskt steg. Krangelen på hotellrommet treff han særleg sterkt fordi han kjenner igjen erfaringar frå lange forhold. Eg kjenner også kor annleis dette møtet er frå den første forelskinga. Historia om Jesse og Céline får noko nytt å vise nettopp fordi åra saman har gitt dei meir å streve med.

Så sjølv om, eller kanskje nettopp fordi Before Midnight er annleis enn Before Sunrise og Before Sunset, så sette eg meir og meir pris på filmen som utfolda seg.