Before Midnight er ein flott film. Å prøve å samanlikne han med dei to forgjengarane, Before Sunrise og Before Sunset, blir som å snakke om epler og moreller. Before Midnight er både i stemning, tematikk og oppbygging annleis.
Det er då likevel ein logisk oppfølgjar og ei vidare karakterstudie av Jesse og Céline, som gjennom filmane har gått frå å vere unge og nyforelska, til litt eldre og forelska, til godt vaksne og glad i kvarandre, men med vaksne problem.
Opplevinga mi av filmen blir litt av det same, mens eg framleis sit igjen med kjensla av å ha blitt forelska i dei to førre filmane, er eg glad i Before Midnight på ein annan måte. Filmen er både romantisk, brutalt ærleg og i blant provoserande. Romantisk i gnisten som dukkar opp i blant. Ærleg i skildringa av alder og korleis tid og omstende har preget paret. Og provoserande i form av kranglar kor det er lett å bli tvinga til å velja side, og nettopp la seg provosere av motparten.
Så sjølv om, eller kanskje nettopp fordi Before Midnight er annleis enn Before Sunrise og Before Sunset, så sette eg meir og meir pris på filmen som utfolda seg.