Ein så lang og god samtale kan eg ikkje hugse å ha sett på film før. Jesse og Celine møtes igjen 9 år etter dei var i lag i Vienna, ei historie som blir fortalt i filmen Before Sunrise.
Jesse er i Paris og er nettopp ferdig å signere den nyutkomne boka si, og plutseleg står Celine der. Dei bestemmer seg for å gå for å ta ein rask kopp kaffi før Jesse må nå flyet, og me følger dei på ein gåtur gjennom ein nydeleg del av Paris. Samtalen går rundt det meste frå draumar og romanse, til kommunisme og miljø.
Det er djupna i samtalen som gjer denne filmen så god, no har eg ikkje sett den førre filmen, men følte ikkje at eg gjekk glipp av noko. Tonen blir naturleg, og får godt fram kva som er flautt, engasjerande, frustrerande og morosamt. Og den stadige endringa av samtalemne skjer på ein behageleg måte. Historia til Jesse og Celine er knutepunktet som dei kjem tilbake til innimellom. Dette går likevel ikkje på rekning av dei andre samtaleemna.