Sidney Lumet er tilbake med nok ein film, femti år etter sin første (det kan jo nemnast at han allereie da hadde tent nokon år i tv-tenesta), og det er kjekt å sjå at det er ein god film denne gongen.
Etter ein litt brå start, ikkje på grunn av at sexy Marisa Tomei og mindre sexy Philip Seymour Hoffman opnar midt i den heftigaste sexakta, den slags er jo blitt vanleg nok i spelefilmar, men fordi Sidney Lumet torer å gjere så mykje ut av denne scena i minuttane som etter kvart har blitt veldig dyrebare for å etablere mest mogleg av dei vidare framdrifta til ein film, får me vite at dette skal handle om eit ran. To brør, spelt av Philip Seymour Hoffman og Ethan Hawke, går saman om å planlegge ranet på ein gullsmedbutikk i ein forstad, begge treng pengar og the mom and pop operation blir ein enkel utveg for problema. Så går sjølvsagt ting på skeive.
Når ting går feil i ransfilmar går dei som regel ganske feil, før dei sluttar på Hollywood-vis og alle er glade. Before the Devil Knows You're Dead er ingen glamorøs ransfilm, men set heller ikkje utover stupet med ein gong, for rett som det er hoppar me tilbake i tid. Tre personar ber bitane av trådar som stadig blir kryssa i tida rundt ranet, brørne og faren (Albert Finney) kan ha ein samtale ved eit tidspunkt som dukkar opp igjen når me følger ein av dei andre karakterane.
Repetisjon på film kan vere kjedeleg, om det ikkje er utført på denne måten, der ny informasjon kjem på bana heile tida og set gitte sekvensar i nytt lys. At Before the Devil Knows You're Dead bruker tida til å tilføre meir meining heile vegen er vel ingen overrasking for dei som har sett gode Sidney Lumet-filmar før. Hoppinga i tid gjer det litt meir utfordrande å følge med på, bidrar til enkelte aha-opplevingar og fungerer rett og slett betre enn den kronologiske oppbyggingane ville ha gjort.
Om eg skal sette fingeren på ein ting er det at nokon av dei personlege forholda verka unødvendige og bidrar til å dra filmen ørlite ut i tid.
Til slutt vil eg skryte litt over nydeleg foto, spesielt utescenene er flotte med sitt kontrastprega og delvis overeksponerte bilde, musikken er tidlaus og kunne like godt ha blitt brukt i ein 1970-talsfilm, han er tydeleg og pregar stemninga som om han var ein eigen rollefigur. I blant slik at du sit med eit breitt glis for opplagt bruk, det blir heller aldri teit av den grunn.