Hopp til hovedinnhold
Plakat for Behind Enemy Lines (2001)

Behind Enemy Lines

Film
3

Sett forbi at Behind Enemy Lines både overdriver og ikkje framstår som eit realistisk scenario, så er det ein underhaldande action- og krigsfilm.

Owen Wilson spelar ein jagarflypilot som blir skoten ned, og må komme seg tilbake i tryggleik gjennom ugjestmildt terreng med fiendar på slep.

Det er små delar av politikk og andre omstende som er skuld i hendingane. Blant anna er dumskap med i bilde. På den måten framstår filmen som noko datert, og det er vanskeleg å akseptere grunnlaget til historia.

Slumpane står også i kø om å vere av drygaste sort.

Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com) reagerer særleg på at helten stadig utset seg for fare, medan fiendane likevel ikkje klarer å treffe han. Han meiner filmen flyttar hovudpersonen mellom effektfulle situasjonar framfor å bygge ei truverdig flukt. Det er mykje av det same eg ser, men eg klarer lettare å godta det som enkel actionunderhaldning. Spenninga fungerer for meg sjølv om grunnlaget og slumpane er vanskelege å tru på.

Kritikk til side, så hadde eg ikkje dei største forventningane, rett og slett fordi eg ikkje visste mykje om kva eg gjekk til. Dette slo ut positivt, i og med at eg både var klar for å ta Behind Enemy Lines til meg som ein lettfatteleg actionfilm.

Rolla til Gene Hackman er interessant, og ei eg skulle likt å sjå meir til. Han går gjennom tre fasar, først som fornuftig streng militærbefal, deretter som offer for politikk, og så som kamerat. Eg får ikkje heilt hans reise til å henge saman. Det er berre ei logisk utvikling med tanke på behov til filmen for å ha med desse ingrediensane, i mangel på ei betre skildring.

Føreseieleg og etter oppskrifta er nok dei beste orda til å skildre Behind Enemy Lines. Ein god produksjon, men eit litt kjedeleg manus.