Sett forbi at Behind Enemy Lines både overdriver og ikkje framstår som eit realistisk scenario, så er det ein underhaldande action- og krigsfilm.
Owen Wilson spelar ein jagarflypilot som blir skoten ned, og må komme seg tilbake i tryggleik gjennom ugjestmildt terreng med fiendar på slep.
Det er små deler av politikk og andre omstende som er skuld i hendingane. Blant anna er dumskap med i bilde. På den måten framstår filmen som noko datert, og det er vanskeleg å akseptere grunnlaget til historia.
Slumpane står også i kø om å vere av drygaste sort.
Kritikk til side, så hadde eg ikkje dei største forventningane, rett og slett fordi eg ikkje visste mykje om kva eg gjekk til. Dette slo ut positivt, i og med at eg både var klar for å ta Behind Enemy Lines til meg som ein lettfatteleg actionfilm.
Rolla til Gene Hackman er interessant, og ei eg skulle likt å sjå meir til. Han går gjennom tre fasar, først som fornuftig streng militærbefal, deretter som offer for politikk, og så som kamerat. Eg får ikkje heilt hans reise til å henge saman. Det er berre ei logisk utvikling med tanke på behov til filmen for å ha med desse ingrediensane, i mangel på ei betre skildring.
Føreseieleg og etter oppskrifta er nok dei beste orda til å skildre Behind Enemy Lines. Ein god produksjon, men eit litt kjedeleg manus.