Behind the Planet of the Apes er ein dokumentarfilm laga for tv i 1998, som også er å finne i samleutgåva til Planet of the Apes-filmane på DVD.
Med Roddy McDowall som vert blir med tatt gjennom produksjonen og møter folka bak dei fem første Planet of the Apes-filmane. Halve dokumentaren handlar om Planet of the Apes frå 1968. Det er ein del snakk om kostyme, budsjett og visjon. Det er interessant, men ikkje så mykje som overraskar. Det eg tykkjer at er mest interessant er snakket om oppfølgjarane, som i større grad hadde begrensa budsjett og planlagt inga retning å ta før førre film var over.
Eg har sansen for denne franchisen, og har sett det eg kan av tv-seriar og nytolkingar. Serien Planet of the Apes frå 1974 er ein eg held på med i skrivande stund. Franchisen byr på eit stort og rikt univers som gir rom for mange historier og idear som byggjer på politikk og samtidige samfunnproblem.
Behind the Planet of the Apes er passe overflatisk, men fungerer godt som ei innføring i filmane og opphava deira. Filmane han tek for seg har eg sett eit par gonger tidlegare, og for meg fungerer dette i stor grad som ei oppfrisking av kva dei handla om. Eg får ikkje noko større utbytte enn som så, men har glede av oppfriskinga.