
Being There
Ein spesiell komedie som omhandlar ein tilbakeståande gartnar som gjer det stort innan finans og politikk. Chance, protagonisten, er den nye stjerna i amerikansk politikk etter å ha blitt tilfeldig nedkøyrt av limousinen til ein av dei mest notoriske finansmennene i USA, som lid av leukemi, og som er i ferd med å døy.
Dopa ned av medisinar, vil eg tru, tar finansgeniet Benjamin Turnbull Rand, Ben blant venner, Chance inn i heimen sin på grunnlag av Chance sin jordnære personlegdom. Og gjennom vennskapen til Chance med Ben, er vegen til ry kort. Det er ei tynn linje mellom å vere geni og totalt idiot, men det betyr ikkje så mykje kven du er, så lenge du er til stades i rette augneblink, som Chance var.
Filmen krev tolmod, men tar seg etter kvart opp på eit godt nivå. Den litt for rolege starten er kjedeleg, og eg vil difor anbefale å gå 100 % inn for filmen om du skal sjå han.
Tolmodet blir sett på prøve hjå Andrew Neylon òg. På Words From A Room (arneylon.wordpress.com) skriv han at filmen dreg seg lenge i starten, før han verkeleg tek seg opp. Likevel finn han mykje varme og undring i historia og meiner Peter Sellers passar uvanleg godt til rolla. Eg kjenner att den trege vegen inn. Ideen er morosam, men filmen må få tid før han viser kvifor denne enkle gartnaren er verd å følge.
