Beneath the Planet of the Apes - Filmdagbok

Beneath the Planet of the Apes 1970

Beneath the Planet of the Apes kom to år etter Planet of the Apes og tar opp igjen tråden der førre film slutta. Apeplaneten får besøk av eit andre romskip, som reiste frå jordkloten kort tid etter Liberty 1 med Taylor (Charlton Heston). Kapteinen på skipet, Brent (James Franciscus), tar over rolla som protagonist og følgjesvein med stumme Nova (Linda Harrison).

Brent stiller seg mange av spørsmåla som Taylor gjorde i første filmen, men gjennomgår ei raskare og meir venleg tilvenning til apane enn astronautkollegaen gjorde. Eit møte med Nova tidleg i filmen gjer det klart for han at Taylor er eller har vore på planeten. Ei tredje historie i Beneath the Planet of the Apes er gorillaene i Ape City som har planlagt å gå til krig mot det som måtte eksistere i The Forbidden Zone, eit uutforska område for apane.

Som tittelen så fint røper vil søkelyset bli retta mot det som skjer under overflata. Filmen gjer det lurt i å halde fram med nye utforskingar, og avsløringane om kva planet me er på frå første film får mykje å seie. Det tyder ikkje at Beneath the Planet of the Apes er ein like god film som forgjengaren sin, men eg set stor pris på at fantasi framleis er sentralt i utviklinga av filmen. Den er ein fin miks av oppdaging og spenning. Måten me blir leia over frå første filmen, og desse to heng i lag på, er òg tilfredsstillande nok.

Nova er eit kapittel i seg sjølv. Linda Harrison var følgjesveinen til Charlton Heston i første filmen og gjekk i mesteparten eit par steg bak han, poserte og skulle sjå pen ut. Denne rolla held ho fram med i større grad i Beneath the Planet of the Apes. Ho har ein stor plass i filmen, men lite å sei for protagonisten og avgjerslene hans. Denne objektiviseringa av kvinna og måten apekatten Zira i offentlegheit blir tilsnakka av ektemannen Cornelius, er ikkje mindre enn fascinerande og kunne gjort seg i nærare studie.