
Berberian Sound Studio
Berberian Sound Studio er meir ei oppleving av lyd og psyke enn ein film med start, midt og slutt.
Toby Jones aspelar ein lydteknikar som blir henta frå England til Italia for å bidra til ein italiensk skrekkfilm.
Handlinga i filmen skjer stort sett i eit lydstudio. Både arbeidsmiljøet og valden i filmen pregar lydteknikaren, som i utgangspunktet er ein roleg og balansert fyr. Det er formidlinga av endringa som skjer med han som er filmen, både audiovisuelt og psykisk.
Det er ei uvanleg filmoppleving i mengda, men interessant. Endå meir interessant og krevjande enn direkte underhaldande.
Mykje av ubehaget blir overlate til fantasien, slik omtalen på PekoeBlaze (pekoeblaze.wordpress.com) får godt fram. Skribenten trekker fram korleis lyd, skildringar og stemning tek plassen til den synlege valden ein kunne vente frå inspirasjonskjeldene. Det passar med opplevinga mi av ein film som først og fremst arbeider med sansane og psyken. Me må lytte oss inn i ubehaget framfor å vente på at handlinga skal forklare alt.
