
Beröringen
Beröringen frå 1971 handlar om ei kvinne som byrjar ei kjærleiksaffære med ein arkeolog som besøker heimstaden hennar.
Handlinga finn stad i Sverige, med ein god del av dialogen på svensk trass i at det er Ingmar Bergmans fyrste engelskspråklege film. The Touch er den engelske tittelen.
I hovudrollane er Bibi Andersson, Elliott Gould og Max von Sydow. Skodespelarprestasjonane til Bibi Andersson og Max von Sydow gjer at dramaet fungerer sterkt.
Ingmar Bergman levere sterke visuelle uttrykk. Sven Nykvist er som ofte med som kinematograf.
Beröringen var ei interessant oppleving. Bibi Andersson gir liv til historia og held mitt fokus gjennom heile filmen. Ein del av scenene med Elliott Gould blir i overkant eller overdrive for min smak.
Kanskje ligg noko av problemet i orda Elliott Gould må levere. Peter Hanson på Every 70s Movie (every70smovie.blogspot.com) meiner den tett konstruerte dialogen hemmar det naturlege og avslappa ved skodespelet hans. Han finn òg samtalane stive og nesten kliniske. Det gir ein mogleg inngang til kvifor nokre av scenene skurrar for meg, sjølv om eg framleis tykker at Bibi Andersson held historia levande.
Og så er nok slutten litt for brå. Det var som om at noko mangla. Men det var nok kanskje meininga.
