Bewitched er opphavleg ein serie som starta opp i 1964 og gjekk åtte sesongar før han vart avslutta i 1972. Eg har aldri sett serien, eller vore freista til det, for hekser eller ikkje, familiekomedie er og blir familiekomedie.
Denne filmen er ingen direkte nyinnspeling av serien, men handlar om ei nyinnspeling av serien, og det faktum at dama som får rolla som Samantha i nyinnspelinga er ei heks på ekte. Det er ingen dokumentariske trekk over dette, så ikkje forvent anna enn rein og skjær Hollywood-komedie.
Will Ferrell leverer den typiske rolla si, og gjer faktisk ein god jobb. Det kjennest likevel malplassert mellom Nicole Kidman og Michael Caine og heile heksehistoria. For Nicole Kidman burde absolutt ikkje gjort denne filmen. Og Michael Caine i kloke farsroller er eg mildt sagt ganske lei av etter kvart. Med små modifikasjonar har han spelt den same kjedelege mannen i Batman Begins og The Weather Man.
Så alt i alt, filmen er dårleg, men Will Ferrell og Jason Schwartzman skulle fått gjort sin eigen film ut av desse personane dei spelar her.