Hopp til hovedinnhold
Plakat for Big Fish (2003)

Big Fish

Film
2

I går prøvde eg meg for andre gong på denne filmen, og fann den utruleg mykje lettare å sette seg inn i. Eg mistenke derfor Jon Blund for å ha æra eine og åleine av å ha forstyrra meg sist gang.

Lite overraskande når det gjeld Tim Burton er dette ein litt spesiell film, med ein snev av overnaturlege element, både i form av ein heil del fargerike historier, og utanom. Ewan McGregor er den unge Edward Bloom som er sentral i dei fleste historiene, om ikkje alle. Han er langt i frå min favorittskodespelar, og eg klarte aldri heilt å sjå forbi det sleipe gliset hans.

Filmen klarte heller ikkje heilt å involvere meg, og stundene det var meint å vere ein overhengande trist atmosfære fekk meg ikkje til å føle noko. Eg er litt skuffa på desse to punkta. Men historiene som blir fortalte er gode, og ikkje minst fortalt i flotte omgivnader med hjelp av ekte originalar.

Rich Drees på FilmBuffOnline (filmbuffonline.com) meiner dei fantastiske historiene løftar fram det særlege ved menneska Edward møter, meir enn ei nøktern attforteljing ville gjort. Han les filmen som ei jakt på kontakt mellom far og son gjennom nettopp desse forteljingane. Det er ein fin tanke, men eg får meir ut av historiene kvar for seg. Omgjevnadene og originalane fungerer, medan kjenslene som skulle binde dei saman, ikkje får like godt tak.