Hopp til hovedinnhold
Plakat for Big Jake (1971)

Big Jake

Film
3

Me møter Jacob McCandles (John Wayne) i bortføringsdramaet Big Jake frå 1971. Ein bande kidknappar ein ung gut frå eit stort gods, og krev ein million dollar for å gi han tilbake.

Jacob McCandles har ikkje budd på godset på mange år. Han er ein framand mann for sønene sine, og alle trudde at han var død. Men Martha McCandles som var hans kone, tilkallar han for å gi han i oppdrag å levere lausepengane til banden.

Big Jake er ein western med preg av hovudstraumsfilmane frå samtida. Han verkar litt mindre som ein westernfilm for meg enn mykje anna, men er ein god film likevel. Det kan godt ha å gjere med at handlinga er sett til 1909. Og at det er vesentleg i filmen at dei i den tida var i eit skifte mellom det nye og gamle.

Brytinga mellom gammalt og nytt blir også framheva av Christopher Lloyd på Captain Critic (captaincritic.blogspot.com). Han legg merke til kor mykje filmen gjer ut av bilar, motorsykkel og nye våpen i møte med den gamle cowboyen. Samstundes meiner han personane og forteljinga er ganske enkle. Det passar med ei oppleving som har fleire underhaldande trekk utan å bli noko høgdepunkt.

Filmen spelar ein del på at det ikkje berre er ein motstand mellom banden og dei som er på den kidnappa guten si side, men også mellom dei sistnemnde og Jacob McCandles. Og mystikken rundt historia til Jacob gjer han til ein interessant karakter å lære og kjenne undervegs.

Big Jake traff ikkje midt i blinken. Han er litt for lite gripande. Men han er tvers over ein god film, og har nokon scener som er skikkeleg gode og minneverdige.