
Big Night
Big Night er ein koseleg film om ein liten italiensk restaurant i USA på 1950-talet. To brør, spelt av Tony Shalhoub og Stanley Tucci, driv den konkurstrua restauranten Paradise. Secondo (Stanley Tucci) skjønnar alvoret, men Primo (Tony Shalhoub) ikkje ønsker å fire på sine perfeksjonistiske krav til den italienske maten han meiner skal stå på menyen.
Filmen bygger opp mot ein viktig kveld som er avgjerande for framtida til restauranten. I løpet av speletida fram mot dette blir me introdusert til konkurrenten til Paradise, kjærleikslivet til Secondo og usikkerheita til Primo.
Handlinga avgrensar seg stort sett til restauranten og litt rundt omkring, og lykkast godt i å skape ei stemning i dette miljøet, som passar godt til den seriøse historia.
Skribenten på The Cinema King (cinemaking465.blogspot.com) meiner filmen fungerer betre som eit drama med komiske innslag enn som ein komedie som stadig skal få oss til å le. Han rosar særleg det truverdige brorskapet mellom Stanley Tucci og Tony Shalhoub. Det passar godt med opplevinga mi av ein roleg og koseleg film. Restauranten gir ei tett ramme, men det er menneska og spenninga mellom dei som gjer kvelden verdt å følge.
Big Night er eit godt val om du vil ha ein roleg film, med god historie, gode karakterar, ein smått europeisk atmosfære, men samtidig amerikansk og relativt tilgjengeleg. Eg veit eg likte filmen.
