Big Night - Filmdagbok

Big Night 1996

Big Night er ein koseleg film om ein liten italiensk restaurant i USA på 1950-talet. To brør, spelt av Tony Shalhoub og Stanley Tucci, driv den konkurstrua restauranten Paradise. Secondo (Stanley Tucci) skjønnar alvoret, men Primo (Tony Shalhoub) ikkje ønsker å fire på sine perfeksjonistiske krav til den italienske maten han meiner skal stå på menyen.

Filmen byggjer opp mot ein viktig kveld som er avgjerande for framtida til restauranten. I løpet av speletida fram mot dette blir me introdusert til konkurrenten til Paradise, kjærleikslivet til Secondo og usikkerheita til Primo.

Handlinga avgrensar seg stort sett til restauranten og litt rundt omkring, og lykkast godt i å skape ei stemning i dette miljøet, som passar godt til den seriøse historia.

Big Night er eit godt val om du vil ha ein roleg film, med god historie, gode karakterar, ein smått europeisk atmosfære, men samtidig amerikansk og relativt tilgjengeleg. Eg veit eg likte filmen.