For dei som har fylgd med på Filmdagbok, skreiv eg i samanheng med The Night Before, ein komedie med Keanu Reeves i hovudrolla, frå 1988, at Bill & Ted's Excellent Adventure er ein av filmane der han blir sett mest pris på, av folk flest. Og etter denne lange setninga som opning, skal eg heller kortfatte dei liknande tankane mine under plakaten.
To unge, dumme gutar ligg an til å stryke i historie på skulen. Viss dette skjer, vil dei bli skilde frå kvarandre, og framtida vil stå i fare. Difor får dei besøk av Rufus frå framtida, i ei tidsmaskin forma som ein telefonkiosk, som gir dei tilgang til tidsreise for å lære mest mogleg nyttig før den siste, munnlege eksamen.
Tidsreise eller møte med historiske personar er ikkje nytt, heller ikkje så veldig spennande, og det blir den store svakheita i denne filmen. Styrken er dei to idiotane som tar så lett på heile greia, òg blir drive til reise gjennom historiske periodar motivert av å måtte stå i eit skulefag. Spesielt Keanu Reeve er som fødd for rolla sin, Ted, ein ungdom som manglar både vit og personlegdom. Alex Winter glir inn i omtrent den same rollen, som Bill.
Trass i at filmen handlar om to tullingar, og heller ikkje gjer den mest interessante handteringa av historie, sit dei fleste replikkane som støypt. Råma for handlinga til filmen gir rom for mykje god toskeskap. Karakterane får fram at dei har gode intensjonar og aldri meiner vondt. Samt at komedien som ligg nær den typen som blir kalla stoner-komedie, er fri for dei verste tilfeldigheitene og meiningslause reisene som er forbunde med så mange stoner-komediar.