Hopp til hovedinnhold
Plakat for Bin-jip (2004)

Bin-jip

Film
4

Ki-duk Kim, mannen som også laga Shi gan som eg så førre veke, er eit funn. I denne filmen som er eit par år eldre enn Shi gan blir me kjent med ein ung mann som bur ei natt her og ei natt der i tomme eller bortreiste hus. Bin-jip betyr direkte oversett tomme hus.

Bin-jip er oppbygd på ein så elegant måte at Ki-duk Kim har unngått å gi dei to hovudpersonane dialog. I nokon tilfelle kunne dette ført til ei langdryg og tam oppleving, men her kjem all kommunikasjon og kjensler fram i blikk og veremåte. Amerikanarar må alltid snakke om kjenslene sine. Det må iallfall ikkje den søte Sun-hwa og den stille, sterke John Wayne-aktige Tae-suk. Men du verda kor lett desse karakterane er å like. Ki-duk Kim er ein meister på å skape nydelege, litt problematisk, kjærleiksforhold. Iallfall i dei to filmane eg har sett hittil.

Stillheita er meir enn eit elegant verkemiddel for Anton Bitel på RantBit (rantbit.wordpress.com). Han les henne som eit uttrykk for at dei to har trekt seg unna menneska rundt seg, men likevel klarer å nå kvarandre. Det utfyller godt det eg likar med blikka og veremåten. Kjenslene kjem ikkje berre fram trass i at dei seier lite, men får ei eiga kraft fordi dei finn ein annan måte å vere saman på.

Tittelen Bin-jip betyr 3-Iron på engelsk.