Birkebeinerne - Filmdagbok

Birkebeinerne 2016

Den norske filmen Birkebeinerne fortel om to menn som må flykte med eit kongebarn på ski over fjellet. Dei to mennene er birkebeinarane på flukt frå baglarane, og barnet det er snakk om er Håkon Håkonsson.

I sentrale roller er Jakob Oftebro som Skjervald og Kristofer Hivju som Torstein. Dei gjer greie prestasjonar i ein film som er god, men ikkje heilt til fingerspissen god. Det er vanskeleg å setje fingeren på feil, men det verkar som at filmen ikkje får eit dramatisk preg som passar handlinga godt nok. Kanskje burde filmen få betre fram kva som står på spel, eller få meg til å bli meir involvert i skjebnen til karakterane.

Så er det inntrykket av at filmen prøver på mykje, men endar opp med å falle mellom fleire stolar. Det er ikkje valdeleg nok til å bli ein blodfest, og det er ikkje vilt nok til å bli ein kamp mot naturen. Men samtidig er det mykje som skjer, og det verkar autentisk.

Eg likte at filmen ikkje var for lang, men slit litt med å finne ut kva eg sakna, for noko var det.