The Babysitter; Stop Me; Silent Night, Evil Night og Strangar in the House er alle titlar denne filmen har hatt i anten produksjons- eller distribusjonsfasen. Heldigvis er ikkje resultatet så vinglete som tittelvalet. Seinare har han fått halda på namnet Black Christmas, som var den opphavlege tittelen til kinolanseringa.
Kanadisk slasher sett til juletider i eit søsterskapshus: Ein ukjent person terroriserer jentene med obskøne og skrekkelege telefonoppringingar, og går etter kvart i gang med å ta dei av dage, ein etter ei. I filmen får me følgje både jentene og mordaren, sistnemnte i gjennom replikkar åleine. Filmen har gjort ei greie ut av lite musikkbruk og utprega skuggebruk, så det vert trykkande og skremmande framfor bråkete og blodig som mange nyare slasher-filmar ofte set si lit til. Ikkje at det ikkje går an òg!
Det er ein spennande film, trass i logiske brestar gjev han eit inntrykk av å vera meir enn show utan story. Margot Kidder var ho som gjorde best inntrykk på meg, og spelar vindunderleg bøllete og godt full. Resten av gjengen gjorde moderat inntrykk, sjølv om Olivia Hussey har null problem med å bera det meste av filmen vidare.
Skikkeleg julestemning kom eg kanskje ikkje i, men god film var det.