I 1348 kom svartedauen til England. Mange segna om som fluger, mens andre desperat prøvde å unngå pesten.
Me møter Osmund (Eddie Redmayne), den ulydige munken. For personleg vinst oppsøker han kallet frå Gud. Dei som ser etter teikn frå over for å overtyda seg sjølv treng sjeldan vente lenge. Osmund sitt mål er å komme seg bort frå klosteret for å møte ei dame. Helst langt borte frå pestramma folk.
Svaret frå over kjem til Osmund i form av gjengen til Ulrich. Ulrich blir spelt av Sean Bean. Han er ein riddar på jakt etter ei trygg hamn, fri frå pesten. Det går rykte om ein landsby som ikkje er råka, og Ulrich treng ein vegvisar. Sånn har det seg at Osmund og Ulrich legg ut på reise.
Reisa blir både blodig og sjukdomsprega. Generelt er folk lite vennlege i Black Death. Det pregar filmen, som er både mørk og dyster i framtoninga. Med denne tematikken passar det godt. Blandar me inn religionskonfliktane som er her, får me ein film som er meir tidsrett.
Men filmen er ikkje ein artig blodfest eller eit intenst drama. Han prøver i blant på begge deler, men eg blir ikkje engasjert. Filmen tar seg god tid til små ting, til samtalar og triste ansikt. Inntrykket mitt i starten var at filmen skulle bli noko meir. Dette gjer at nokon sekvensar blir for lange og kanskje for grundige for det beste for filmen.
Black Death er god på karakterar. Grufulle personar som uansett religion eller ikkje, ikkje skyr nokon middel i kampen mot målet. Det blir den ærlege og direkte framstillinga av kven det måtte vere som hevar inntrykket av filmen til slutt. Filmen hadde noko han skulle formidle, men halta litt på vegen. Det var kanskje strevinga etter å vere så mørk og tøff som hindra han.