Hopp til hovedinnhold
Plakat for Black Friday (2004)

Black Friday

Film
4

Indiske Black Friday var andre film ut under Katakombefilm i år, som gjekk av stabelen i Skien den 15. september. Filmen handlar om terroren som ramma Bombay i 1993, om det som skjedde etter og historia bak.

Black Friday er ein sterk film. Det er mange kjensler som får utspring, men oppi det heile står filmen på toppen som dømmande mot det meiningslause ved terror. Filmen er over to og ein halv time lang, og er mildt sagt omfattande og detaljrik. Så mykje at filmen blei stoppa av indiske styresmakter inntil rettssaka for terroren var ferdig. Rettssaka varte til forresten til 2007.

Om eg skal utsette noko på filmen er det mi eiga evne til å henge med på alt som skjer. Men det gjer lite. Heilskapen er rå og rørande, og filmen har styrken i ei svært alvorleg hending som blir portrettert på ein god måte. Til ei viss grad skal me dømme sjølv, for filmen er ikkje overdøyvande i forteljarstilen.

Den breie tilnærminga får òg ros på Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com). Fred Ut trekker fram korleis filmen følger både etterforskarar, gjerningsmenn og familiemedlemmer, og kor truverdig det heile kjennest. Det er mykje av det same som gir filmen kraft for meg. Det store omfanget krev sitt, men gjer òg at terroren framstår som meir enn sjølve eksplosjonane.