Blackadder: The Cavalier Years er ein kortare episode eller film om Sir Edmund Blackadder, spelt av Rowan Atkinson.
Me held oss til midten av 1600-talet, i ei tid da vår hovudrolle Blackadder og ein tilbakeståande grisebonde er dei einaste lojale personane til Kong Charles I. Dei viser lojaliteten sin ved å gøyme kongen då han treng det.
Som elles i serien blir kongelege portrettert som gale, og Blackadder er ikkje mykje betre sjølv. Lengda og historia her er som sagt kort, så dette er berre eit fint lite tillegg til Blackadder, som ikkje manar til å stikke særleg djupt.