
Blackadder's Christmas Carol
Denne frie tolkinga av Charles Dickens A Christmas Carol er ein av dei få artige og tålelege adapsjonane eg har sett av historia.
Mykje takka vere at tolkinga som sagt er fri, men òg fordi Blackadder, som karakteren til Rowan Atkinson vert kalla her, er ein fargerik misantrop.
Vendinga på den velkjende historia er også det som fungerer for Cory Barker i samtalen på This Was Television (thiswastv.wordpress.com). Han er lite gripen av mange andre utgåver, men meiner serien alt har eit historisk opplegg som gjer tidsreisene både naturlege og morosame. Eg likar at filmen brukar historia til sitt eige føremål. Det kjennest som Blackadder, sjølv når ramma er ei juleforteljing eg har sett mange gonger før.
Dette er ein litt lengre og einskildståande episode av Blackadder, som heller enn ein enkelt serie må seiast å vere ei handfull ulike seriar og kortfilmar.
Skal du sjå ein julefilm, men er litt lei av det typiske, og dessutan likar britisk humor, så er dette noko å satse på.
